Derfor er du også feminist

Dette innlegget burde ikkje trenge så mykje tekst, men sidan «feminist» er slik eit belasta ord for enkelte så skal eg oppklare litt.

Hillary Clinton er ei frykteleg lur dame, les fleire av dei lure tinga ho har sagt på Goodreads. Foto: Melissa Brewer

Alle som har eit hjarte som bankar for noko meir enn å berre pumpe blod gjennom kroppen er feministar.

Dette påstår eg fordi ein feminist enkelt og greitt meiner at det ikkje er greitt at kvinner blir banka, valdtekne, tvangsgifta og nedvurdert.

Ein feminist meiner at “Han er mann” ikkje er eit gyldig argument for å gi ein person betre lønn enn ein annan. Ein feminist er ein person med fungerande rettferdigheitssans. Enkelt og greitt.

Eg er feminist fordi eg meiner at menn og kvinner skal ha like rettar, uavhengig om dei er menn eller kvinner. Kor mange andre måtar går det an å seie det på? Og korleis kan dette misforståast? Jo. På grunn av sjølve ordet, kan eg tenke meg.

Nei, det handlar ikkje om herredøme
Det handlar om likskap, ikkje kvinneleg herredøme (legg merke til kjønnet i dette ordet) over menn. Det er likevel ikkje tilfeldig at ordet «feminisme» er av kvinneleg karakter. Det er ikkje fordi feministar meiner at kvinner er overlegne menn, slik mange kan sjå ut til å tru. Sjølv om det ikkje handlar om kvinneleg «herredøme «så handlar det om å endre ein situasjon som i dag er i kvinners disfavør.

Skambein. Seriøst?
Eg treng ikkje kaste statistikkar og rapportar rundt meg for å underbygge kjennsgjerninga at kvinner, også i 2014, rundt om kring i verda er undertrykte. Om du likevel treng litt kjøt på (skam)beinet, kan du lese meir på FN.no.

(Skambein – kor mange mannlege kroppsdelar har tilsvarande drittnamn?)

Unge jenter blir omskjært, gifta vekk og gjort gravide mot si vilje. Valdtekt blir brukt som våpen i krig. Kvinnekroppen blir behandla som er ei rugekasse og eit sexobjekt om kvarandre, alt ettersom det er ein religion eller ei avisforside som omtalar eller brukar den.

For tre år sidan skreiv eg om kvinnedagen for FN.no. Kampen var ikkje vunnen då, og mykje blir betre, men kampen kan ikkje akkurat seiast å vere vunnen i år heller. Dessverre går den bakover nokre stader, og jaggu går det ikkje den retninga her til lands også.

Tilbakeslag i vårt lille land
Jenter og kvinner over heile verda blir umyndiggjort og undertrykt, men ikkje berre det. Ikkje berre langt, langt vekke der ute i verda. Styresmaktene  her heime i flottefine  Noreg er også interesserte i å fingre rundt i kroppane våre, og har med reservasjonsretten gjort situasjonen om mogleg endå meir vanskeleg og skamfull for jenter og kvinner som er i ein allereie vanskeleg og skamfull situasjon.

Dette er jentene som treng abort, som no kan risikere å møte ein lege som kan nekte henvisning. Ei kvinne i ein sårbar situasjon skal altså risikere å møte eit motstand og dømming i ein myndigheitsperson ho skal kunne stole på.

Kjip underlivsutvikling (…)
Samtidig aukar kroppspresset og tettleiken av kroppsrelaterte psykiske problem blant jenter. Ikkje eingong underlivet skal vere unntatt ei samfunnsnorm når det gjeld utsjånad.

Som Sigrid Bonde Tusvik så vanvittig godt i kronikk en «Skam på skambeinet»i Dagsavisen:

«Samtidig som vi diskuterer spaltemeter med abortprat, får vi høre at flere og flere kirurger lever godt på å fjonge opp skrævet på folk. Skrekkscenarioet er at dattera mi vokser opp i et samfunn der det er fryktelig skammelig å ta abort, mens det er dritlett å få en kirurg til å pynte på tissen.»

Skrekkscenariet Sigrid Bonde Tusvik snakkar om er dessverre høgst realistisk. Dette er ei idiotisk kjip utvikling. Også derfor er eg ikkje redd for å kalle meg feminist.

Les gjerne kvinnemagasinet FETT sitt innlegg frå 2011, trykkt opp att med oppdatert informasjon frå førre året, og lær litt om kvinnekamp, historie, og kvifor same innlegget er like aktuelt år etter år.

Den internasjonale kvinnedagen 8. mars er eit høve til å feire kvinnekampen sin framgang, og til å demonstrere for forandring for det som enno ikkje er som det skal.

Det er ikkje lett å vite korleis ein skal bidra til kvinnekampen, men forhåpentlegvis kan dette innlegget bidra til å ufarleggjere ordet “feminist” for nokre.

Hurra for jentenerdar
Eg vil avslutte med å slå eit slag for kvinnenettverket Girl Geek Dinners Oslo som eg diggar å vere ein del av. Også i nerdemiljø rundt omkring er kvinner underrepresentert – og dette nettverket vil gjere noko med dette. Dei jobbar også for å inspirere kvinner til å ta plass. Og med meg har dei lukkast litt.

Kvar gong vi møtast for fagleg påfyll om anten teknologi, presentasjonsteknikk, droner eller sosiale medium, er eg så heldig å få møte og snakke med fagleg dyktige og delevillige damer som eg ser opp til og blir inspirert av.

Girl Geek Dinners er ein av inspiratorane mine til å begynne å blogge igjen, som gir meg bensin og fagleg inspirasjon til å ta plass og vere ei stemme i offentlegheita. Besøk dei på nett og på Facebook. Følg dei på Twitter.

Bilete henta frå girlgeekdinners.origo.no

Du ser at det er nødvendig å gjere ein ekstra innsats for at kvinner skal kome på bana der det er flest menn som køyrer.

Derfor er du også feminist.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s