Agnes, Magnhild og andre kvinner i senga mi

Huff, for ein cheesy tittel. Men, i likskap med resten av samfunnet, kunne eg ikkje la vere å spele på sex i håp om at det genererer merksemd. For at du ikkje skal bli skuffa, så skal eg fortsette litt.

Velkomen til eit innblikk i nokre av mine dampande forhold til herlege kvinner.

smask

Den første kvinna eg vil fortelje om er Agnes, kvinna eg mest nyleg hadde hos meg i senga. Flørten med Agnes var eit heitt februareventyr.

Agnes tok med seg venninna si Allis, og saman nådde vi nye høgder. Det var subtilt, skandaløst og lidskapeleg. Agnes og Allis tok meg med storm og avløyste eit heitt forhold eg hadde hatt over lang tid med mørke og mystiske Magnhild.

Magnhild kasta eg meg over med glupsk appetitt etter å ha fulgt med denne spennande kvinna med den skarpe tunga i lang, lang tid. Sa eg at det var heitt?

magnhild_profil

Caitlin møtte eg på flyet til London. Vi møttast også på toget fra Warsawa til Lublin. Vårt forhold var sporadisk og gjekk stort sett føre seg på offentleg transport, men eg hugsar nokre runder i senga mi også.

Ho etterlot meg tungpusta og med nyfunnen kunnskap om kunsten å vere kvinne. Og eit smil om munnen.

Dirrande historie

Mitt mest nylege kvinnebesøk i senga er – om du ikkje gjetta det – Agnes Ravatn. Eller rettare sagt, boka hennar Fugletribunalet.

agnes i sengaAgnes i senga – hihi

Den nevnte venninna Allis er hovudpersonen i boka. Boka som drog meg inn i verda til to sære personlegdomar og ein vakker hage, og kasta meg inn i ei dirrande historie fortalt på eit levande og deilig nynorsk.

Agnes Ravatn fekk P2-lytternes publikumspris for denne boka, og lova NRK å skrive fleire romanar. Det gler eg meg til.

Magnhild og to andre kvinner

Magnhild er eit menneske med ein hardtslåande blogg, som skriv det eg altfor ofte tenker. Eller – det var det eg trudde ho var. I tida då forfattarane Inger Johanne Sætrebakk og Guri Idsø Viken byrja å «kome ut av skapet» som kvinnene bak Magnhilds Antiblogg, kjende eg på eit djupt svik.

Magnhild var ikkje ekte. Mitt langvarige forhold med Magnhild var basert på ei løgn.

Denne kvinna heitte ikkje Magnhild, men Inger Johanne og Guri. Eg var oppslukt i det Magnhild skreiv om urettferd, fyll og feminisme, og dei hardtslåande samfunnskommentarane.

Etterkvart gjekk eg frå å føle meg lurt til å innsjå kor genialt konseptet blogg-til-bok er. Inger Johanne og Guri får sagt det dei treng, dei har skapt ein genial karakter som også er ein aktiv samfunnsdebattant på Twitter. Eg møtte forfattarane på ein Girl Geek Dinner, kjøpte boka, fekk ho signert, og blei endå betre kjent med Magnhild.

Ein kan seie at det som nesten blei eit samlivsbrot enda i forsoning.

Litt flaut, men deilig ærleg

Så var det Caitlin. Humorkvinna og feministen Caitlin Moran og den rasande vittige Kunsten å være kvinne. Boka er ein hardtslåande, feministisk sjølvbiografi det er ei fryd å lese.

caitlin

Boka er befriande direkte, konkret, litt flau, ærleg og engasjerande. Kanskje litt krøkkete oversatt til norsk sidan Caitlin brukar eit særs munnleg språk og mange ord som ikkje heilt gjer same nytta på språket vårt.

Like fullt nevner eg Caitlin Moran som i løpet av det siste året er ei av dei kvinnene som har etterlatt eit sterkt spor i meg, og som eg har hatt eit godt og intimt forhold til i løpet av den siste tida.

Tre bokanbefalingar, alle dyktige kvinner verdt å bli kjende med:

  • Agnes Ravatn – Fugletribunalet
  • Inger Johanne Sætrebakk og Guri Idsø Viken – Magnhild. En roman om sex, fyll og offentlig forvaltning.
  • Caitlin Moran – Kunsten å være kvinne

Eg er ikkje ein særleg sjalu sengepartner, så det er berre å ta føre seg. Fortel meg gjerne kva du syns.

2 tankar på “Agnes, Magnhild og andre kvinner i senga mi

  1. Og DER var bloggen din inne på leselista mi! Og godt er det – for her var to innlegg siden sist. Perfekt til dagens første kaffekopp! Ang. innlegget over er jeg så enig i at Magnhild er ei dame som er vel verdt sengebesøket! Hun var hos meg noen dager før jul – hadde det så hyggelig at det brått var over, dog kun i bokform;)

    1. Så kjekt at du følger meg, som du veit er eg ein stor, stor fan av arbeidet ditt!Synd at forholdet ditt til Magnhild var så kort. Eg prøvde å drage det ut så lenge eg kunne ved å ta føre meg litt og litt av gangen. Heldigvis er ho framleis ein aktiv bloggar så får vi stalke litt til neste bok kjem! ;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s