Bloggkrisen

Eg har gått mange runder med meg sjølv no. Kva kan eg skrive om frå jobben, og kva bør eg halde meg unna? Kva debattar bør eg kaste meg inn i, kva er vitsen? Kva er eigentleg interessant å lese om i livet mitt, i jobben, i engasjementet mitt? Kven er målgruppa mi eigentleg, og er dette berre endå eit narsissistisk prosjekt som skal surre rundt umerka i bloggsfæren?

Det høyres nesten ut som om eg er i ein eksistensiell krisesituasjon, men det er ikkje fullt  gale. Likevel vil eg kalle det ei slags krise, fordi det som ikkje skulle skje har skjedd. Skrivesperre.

Eg starta bloggen med store, hemmelege ambisjonar om å bli ei relevant stemme i til dømes kommunikasjonsmiljøet og feministdebatten. No når eg ikkje lengre er journalist til dagleg kan eg vere litt «meir partisk» og meine ting i offentlegheita til og med. I tillegg tenkte eg at eg kunne kome som eit friskt pust med verdifull innsikt frå journalistikken inn i kommunikasjonsmiljøet. Det er jo litt slik på jobb, så derfor må det jo vere eit ypparleg utgangspunkt for ein blogg. Eg har jo så mykje formidlingsvilje i meg!

Så tryna eg med andletet først ned i fallgruva: Eg pøsar ut tre innlegg på rappen, er på høgda og har ein god kjensle om aå endeleg vere skikkeleg i gang, bloggen ser kul ut og inspirasjonen er på topp, no rullar ballen, og så plutseleg blir det stille. Eg veit ikkje kva eg skal skrive om.

Eg vil blogge om jobb, men er litt usikker på kva eg kan skrive og ikkje. Kanskje skulle eg kaste meg inn i «kvinner hyller kvarandre i sosiale mediar, er det falskt eller ikkje?»-debatten, men kjente at eg eigentleg ikkje hadde noko å seie som ikkje allereie hadde blitt sagt. Den kjensla har eg igrunnen i samband med dei fleste debattane der ute. Eg ser begge sider og føler eigentleg at det meste blir sagt, og at det alltids er nokon der ute som seier det betre enn meg uansett.  Og så vil eg gjerne formidle at eg skjønar alle sider av saka, men då blir det så langt og diplomatisk at det blir irrelevant så det er berre å slette utkastet og drite i det.

Men. Eg prøvar igjen. No kravlar eg ut av fallgruva og stiller meg full av sjølvtillit og med mangel på sjølvinnsikt på stupet til neste fallgruve – og spør: Kva vil mine potensielle lesarar lese om?

Kva skal ein 25 år gamal kvinneleg nynorskbrukande journalistnerd i kommunikasjonsbransjen som pendlar til ein flyplass kvar dag fortelje om?  Og kva skal eg berre drite i å skrive om?

2 tankar på “Bloggkrisen

  1. Jeg synes det er noe spennende med at du jobber på en plass de fleste bare har som «venterom» før sin endelige destinasjon. Et vakum der man venter på en avgang, der man bare må slå ihjel tid… Sjelden at man tenker over at arbeidstaker´ne på flyplassen er noe mer en funksjonelle statister når man har sin egen feriedrøm surrende i hodet…

    1. Tusen takk for innspelet, det er veldig interessant det du seier! Eg skal ta meg ein time etter jobb og sette meg i terminalen for å reflektere over dette, og la det materialisere seg i eit blogginnlegg. Takk :)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s