Føter. I mangel på noko betre.

Dette er eit blogginnlegg om føtene mine, i mange på noko betre å skrive om. Men det passar i grunnen fint, fordi eg har funne ut at eg ofte tyr til føtene mine i mangel på noko betre. 

Eg har mobilen for hand, og trangen til å ta eit bilete melder seg. Eg har vore på trening og føler nokon må vite om det. Eg har drukke vin med venninner. Eg ligg i graset og glanar på flotte menn som spelar sandvolleyball i sola. Eg er åleine på eit hotellrom. T-bana er forseinka. Solnedgangen er fin. Eg har sokkar i sandalane. Eg trykte feil.

Eg gjekk gjennom bileta på maskina mi og oppdaga ein gjengangar. Eller rettare sagt, to gjengangarar. Føtene mine. Huh, tenkte eg, og hadde altfor god tid, så eg gjekk gjennom ørten digitale fotoalbum og oppretta eit nytt. Det fekk namnet Fotoalbum. Lol.

Rar ting å gjere. Ta bilete av sine eigne føter. Så ofte. Men i mangel på større og viktigare ting å reflektere over på ein onsdagskveld så byrja eg å lure på kva motivasjonen er for å fotografere føtene mine så jamnleg som eg gjer.  Det kan vere at det eigentleg bur ein veldig ivrig fotograf i magen min, men han har ikkje heilt grep på kva som er eit godt motiv og ikkje. Eller så kan det ha noko med at ein akutt selfie på opa gate eigentleg ikkje er så kult.

Berre det at trangen til ein akutt selfie melder seg er grunn til bekymring, men.. Det er ein annan diskusjon. Hjå meg kan den trangen melde seg til dømes om eg har gjort på noko skikkeleg kjekt og fint og gøy og kult og gløymt å ta bilete av det. Då tenker eg «shit shit shit, eg må jo knipse eit minne frå denne dagen». Så går det utover det første og beste motivet. Dei to som alltid er der med deg sjølv om venninenne er gått heim, sola er gått ned og sandvolleyballtreninga er over. Fot 1 og 2.

Årsaka kan rett og slett vere latskap også. Ein står der liksom berre med mobilen den vinkelen allereie, med kameralinsa nedover mot skoa, og når ein har runda alle appar og heile internett for tredje gong medan ein står der og ventar på T-bana så svingar ein innom kameraet og knipsar eit bilete.

Med eit filter på så ser tilogmed føter kule ut på instagram.

 Fotoalbumet:

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s