Intervju med ein flyplasshelt

Møt Anders. Anders Erlandsen er kvardagshelten med haukeblikk og sansen for fart. Vi sette oss i ein bil på rullebana på Oslo Lufthavn og ba tårnet om tillatelse til å køyre fritt blant flya som lettar og landar og taxar, der det aldri er fartskontroll. Det fekk vi.

solflyOslo Lufthavn har køyrt ein kampanje kalla «Hverdagshelter» for å synleggjere viktige funksjonar og dyktige folk på flyplassen. Eg fekk bli enda litt betre kjent med han, og ein køyretur i bil – ikkje fly – ute på rullebana resulterte i denne reportasjen.

Speedometeret til topps
– Ber om tillatelse til å køyre fritt, seier Anders inn i ein mikrofon. Han sit i førarsetet på ein såkalla bremsebil, ein ombygd Saab på bioetanol med datamaskin i passasjersetet og ekstrahjul under panseret.

– Tillatelse innvilga, sprakar det frå høgtalaren i bilen. Det er tårnet som gir oss lov til å køyre som vi vil på taxebaner og rullebaner på Oslo Lufthavn. Anders skal lage banerapport.

Han vurderer føre og friksjon, og trykker inn informasjonen på touchskjermen som er plassert i passasjersetet. Det er tørt og ingen grunn til bekymring. Han tråkkar på gassen, og eg kjenner det brusar i blodet. Speedometeret når høgder eg aldri før har sett anna enn på TV.

– Det er ikkje akkurat fartskontroll her ute, humrar Anders til den lettare nervøse men begeistra flyplassjournalisten i baksetet.

Så bråbremsar han. Han har fått auge på noko i bana som ikkje skal vere der, og seier han skal plukke det opp. Han snur bilen, opnar døra si og plukkar opp ein stein, liten nok til å irritere seg over å få i støvelen, stor nok til å få Anders til å bråbremse og vurdere at den må fjernast.

– Eg merkar at eg har fått haukeblikk etter nokre år i denne jobben, fortel han.

anders_stein_webBilete: Her er syndaren. Steinen hadde fått plass mellom tærne mine, men har visst ingenting å gjere på ei rullebane.

–Snøfresarane er som babyane mine
Anders Erlandsen har fått det ærefulle oppdraget å vere plasstenesta sitt ansikt utad i aviser og på plakatar i Oslo Lufthavns Hverdagshelt-kampanje. Kampanjen er til for å synleggjere dei tilsette som jobbar rundt omkring på flyplassen og får den til å gå rundt.

På annonsebiletet som har rulla både på flater på flyplassen og i media, poserer Anders framfor flyplassens store stoltheit, verdas største snøfresar. Vi køyrer inn i garasjen for å kike på den.

– Eg køyrer ikkje snøfresarane så ofte lengre, men dei er på ein måte babyane mine så eg tek meg nokre turar innom her for å klappe på dei litt, fortel han. Han snakkar engasjert om brøytemønster og banekontrollar, hjullastarar, strøbilar og sweeperar. Men det som engasjerer han mest, er det gode miljøet han er ein del av på jobb.

– Det er eit veldig sosialt miljø, vi samarbeider godt og eg stortrivst på jobb.

152 vasketimar per snøfresar
Anders er ein del av eit lag i Plass- og vedlikehaldstenesta. Tidlegare har han vore ein del av den norske Isaf-styrken i Afghanistan, og har erfaring frå flyplassen i Kabul.

Plasstenesta på Oslo Lufthavn består av fem lag á 27 mann. Medan nordmenn generelt er opptekne av vêret, er det få som sjekkar yr.no oftare enn dei som jobbar på plasstenesta.

Dei er kanskje mest kjende for det berømte brøytetoget, og den elegante utføringa av kunsten å brøyte ei rullebane fri for snø på 15 minutt. Men kva gjer dei når det ikkje snør, slik som i dag?

– I tillegg til brøyting er det vi som er ansvarlege for vedlikehald. Det tek 152 timar å vaske og polere verdas største snøfresar, og det er om lag 100 forskjellige køyrety som skal vaskast. Det blir mange timar, så det er ikkje akkurat mykje dødtid sjølv om snøen uteblir, fortel han.

– Ingen dag er lik. Jobben er tilfredsstillande, fordi eg føler eg gjer eit viktig oppdrag og skapar god trafikkavvikling.

– I denne jobben er det viktig å vere førebudd, og det går mykje tid til å ta høgde for alt som kan skje.  Det er alltid noko uventa som dukkar opp, og då må vi vere løysningsorienterte, fortel han.

IMG_1392Anders og Anders i terminalen på Oslo Lufthavn.

Løysningsorientert er eitt av stikkorda som kjenneteiknar Anders, skal ein tru kollegaene hans. Han er typen som tek ansvar og har kontroll, og er ikkje ukomfortabel med å ta ei leiarrolle.

Spøkar om å «jekke ned primadonnaen»
Spør du gutta i oransje jakker og vernesko kva dei syns om at Anders har blitt «poster-boy», ramlar det ut spøkar som «Det går vel til haudet hans no, då er det vår jobb å jekke han ned», og «No er det vel berre tidsspørsmål før primadonnaen slår til, då får vi sørge for litt bakkekontakt».

Så oppdagar dei at eg noterer det dei seier, og det går frå spøk til alvor. Det renn over av godord frå kollegaene til Anders.

– Neida, altså. Anders er ambisiøs, så det er ikkje rart han blei plukka ut til å representere. Han er opptatt av at vi skal vere så gode vi kan vere. Han er flink, han følgjer opp og han veit kva han skal. Han har kontroll, er løysingsorientert og tek ansvar.

Frå nattevakt til photoshoot
Sjølv syns Anders det er artig å ha ansiktet sitt klistra opp overalt, men dersom nokon skulle meine at han ser trøytt ut på biletet så har han ei god forklaring.

– Eg hadde hatt nattevakt natta før fotografen kom og skulle ta bilete. Så skulle gå rett frå vakt og stå der og smile i 4-5 timar i alle slags vinklar og positurar, så derfor kan eg sjå litt sliten og sløv ut, ler Anders.

Her er eit bilete av Anders framfor verdas største snøfresar.anders_fresaren

Intervjuet er også publisert på Oslo Lufthavns presserom på Mynewsdesk.

Ein tanke på “Intervju med ein flyplasshelt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s