#nynorskgrunnlov

I dag er ein historisk dag for språket vårt. Stortinget har nettopp vedteke den nynorske versjonen av Grunnlova med overveldande fleirtal. Og ein utdatert riksmålsversjon, som Framtida skriv. Eg kjenner meg oppriktig glad på nynorsken sine vegne, og det hadde eg heilt ærleg ikkje trudd eg skulle få lov til i løpet av denne fireårsperioden.

Det er verdt å feire at Grunnlova endeleg er enklare å forstå – og til og med er den enklare på nynorsk enn på bokmål. Tenk at det på nynorsk heiter at «Ytringsfridom skal det vere», medan bokmålsbrukarane må nøye seg med den vagare «Ytringsfrihet bør finne sted».

På ein dag der emneknaggen #nynorskgrunnlov herjar i twittersfæren, skal eg fortelje om då nynorskbobla mi sprakk. 

Utanfor nynorskbobla

Skrive for NRK Nynorsk Mediesenter 

Flyplassportrett

Eg har alltid sveva bekymringslaust rundt i ei nynorskboble. Den sprakk i januar i år, då eg byrja i ny jobb. Her er ein rapport frå det verkelege livet som nynorskbrukar i ein bokmålsbastion.

Eg er fødd og oppvaksen trygt innsvøpt i omgivnader der nynorsk er det mest naturlege som fins, i Ørsta der nynorsken også vart fødd.

På barne- og ungdomsskulen var sjølvsagt lærebøkene på nynorsk, stilane blei skrivne på nynorsk, helsingane elevane skreiv i minnebøkene til kvarandre var på nynorsk.

Bokmål var noko dei brukte i ei heilt anna verd langt, langt borte, i den verda der dei laga TV, reklamer og teikneseriar. I den «ekte» verda, heime blant fjordar og fjell og Ivar Aasen-effektar, var nynorsk det naturlege.

På Volda vidaregåande demonstrerte vi og organiserte underskriftskampanjar dersom det dukka opp lærebøker på bokmål. Vi hadde då vitterleg krav på lærebøker på nynorsk, noko anna var uhøyrt. I løpet av desse åra gjekk det sakte men sikkert opp ein skremande røyndom for meg. Nokon der ute, utanfor bobla mi, hata språket mitt og ville utrydde det.

Språkleg trygt studentliv
Høgskulen i Volda var også ein nynorskbastion. Som bastionar har ein tendens til, var den tidvis under åtak. Kvart år strøymde det til nye studentar frå stader der nynorsk ikkje var noko anna enn eit skulefag dei hadde hata, som politikarane hadde lært dei at var greit å hate, og som dei eigentleg ikkje trong i det verkelege livet. Ved kvar skulestart i Volda var det alltid nokon som protesterte på at dei plutseleg måtte forhalde seg til det. Dei trudde det hjalp.

Etter ei stund gjekk det nok opp for nokon at nynorsk var meir enn eit fag og at det eigentleg var ganske kunnskaps- og historielaust å vere motstandar av eit språk. Plutseleg trong dei det, og alt dei hadde lært av oppgidde norsklærarar og blåfarga politikarar var bevist feil. For andre var det ikkje anna å gjere enn å resignere og akseptere, det var berre slik det var her på bygda. Andre igjen pakka sakene sine og flytta.

Språkvugga NRK
Så hamna eg i NRK. NRK Nynorsk Mediesenter i Førde er kanskje den sterkaste nynorskbobla eg har vore i. Av ressurssterke personar eg ser opp til blei eg forsikra om at nynorsk er viktig, det er mitt bruksspråk som andre berre må finne seg i å lese dersom dei vil få med seg alt det viktige eg skal formidle som journalist.

I to år som NRK-journalist i Oslo var eg i eit miljø der nynorsk var naturleg, eg var omringa av språksterke formidlarar som var opptekne av at ein skal få uttrykke seg på sitt naturlege mål.

At språkmangfald var viktig.

At ein stor del av dei som slengjer dritt om nynorsk ofte berre er kunnskapslause, trongsynte menneske som hadde dårlege lærarar på ungdomsskulen og som treng noko å hate.

Eg måtte no stille meg i forsvarsposisjon oftare enn før, fordi nynorskmotstanden breidde seg som ei svart sky rundt bobla mi, og var meir trugande enn nokon gong.

Frå denne mørke, grumsete skya sende dei sinte e-postar og skreiv i kommentarfelta under sakene mine. Dei ringte for å lufte sin enorme frustrasjon over «grautmål» i rikspressa og ba meg i både pene og mindre pene ordelag å byrje å skrive «vanleg norsk» i staden.

«Nosk» som nokre av dei kallar det.

Men, i den grad ei boble kan rakne, så rakna den og forsvann ute av syne først då eg kjøpte meg månadskort på flytoget og byrja som informasjonskonsulent på Oslo Lufthavn.

På Noregs hovudflyplass er eg den einaste som nyttar nynorsk i det daglege, i alle fall av dei som skal formidle informasjon. Eg har ein sjef, ein sjef over der igjen og ei avdeling som støttar meg, og som syns det er stas og flott og sjølvsagt at eg skriv nynorsk.

Dei kunne ha nekta meg språket mitt
Då eg søkte på jobben var eg usikker på kva eg kunne forvente, eg kunne jo risikere å hamne på ein arbeidsplass der eg blei nekta å skrive nynorsk. Heldigvis kom det ikkje på tale å språkdiskriminere meg.

Dei ønskte mangfald, og dei ønskte meg. Eg er eit språksterkt menneske som elskar å formidle og er flink til å røske opp i byråkratspråk og til å dekryptere teknisk språk. Men, til enkelte sin store frustrasjon skulle det vise seg, så er enderesultatet mitt, dei språklege produkta mine som eg er stolt av, oftast på nynorsk.

Det er 15 000 tilsette på min nye, digre og mangfaldige arbeidsplass. Nokre av dei har reagert på meg og språket mitt, og eg har opplevd at folk lurer på kven som har byrja å skrive sidemål på intranettet.

Nokre har sett det som sin rett å kontakte meg direkte og be meg regelrett om å bytte til bokmål. Nokre av reaksjonane kollegaene mine har fått, vil dei ikkje eingong fortelje meg om.

Naturleg med reaksjonar
Slike reaksjonar hadde komt på kva som helst slags arbeidsplass der ingen er vane med å bli eksponert for nynorsk i det daglege. På ein arbeidsplass med så mange tilsette at det representerer eit tverrsnitt av befolkinga i ein mellomstor by, hadde det vore rart om det ikkje var slik.

Det som slår meg, er at mange som reagerer faktisk er velmeinande. Mange er berre ikkje vande med å ha nynorsk rundt seg og føler difor for å seie frå til meg at det er greit for dei at eg er der, og at eg skriv det. Eg har snakka med fleire kollegaer som syns det er «flott med dialekt», at det er «eksotisk» og «artig» å lese nynorsk.

Merkverdig mange har følt trongen til å kome opp til meg og fortelje meg kor mykje dei hata nynorsk då dei gjekk på skule, men at dei syns det er heilt greit at eg brukar det likevel, at dei er så storsinna.

Stort sett solidariske bokmålsbrukarar
Eg har aldri vore så langt unna ei nynorskboble som eg er no. Dei er ikkje mitt vante nynorskmiljø, men kollegaene mine og sjefane mine – og dei aller fleste andre her på Oslo Lufthavn, er ressurssterke, kunnskapsrike og solidariske bokmålsbrukarar. Dei kunne ha valgt å nekte meg å bruke nynorsk, i staden får motstandarane svar på tiltale og blir respektfullt bedne om å gå i seg sjølve og akseptere at ein nynorskbrukar har slått rot i bokmålsbobla deira.

Eg kunne ha valgt å gi opp og la motstandarane få sleppe å lese nynorsk, men kven hadde det eigentleg gagna? Ikkje meg, ikkje språket mitt, ikkje motstandarane. Dei treng nemleg litt motstand syns eg.

Som ein soldat i nynorskkampen kunne eg eigentleg ikkje vore i ein betre posisjon. Eg skyt med nynorskkanon mot ein bokmålsbastion kvar dag, og eg får fleire menneske enn nokon gong til å forholde seg til språket mitt. Kvar epost, artikkel eller rapport eg skriv er ein liten siger for nynorsken.

Dersom berre ein liten brøkdel av dei 15 000 tilsette på Oslo Lufthavn går heim til ungane sine som sit og slit med heimeleksa si, set seg ned og får dei til å skjøne nokre få ting, så skal eg vere nøgd.

Som til dømes at det ikkje gagnar nokon å sette seg på bakbeina og hate nynorsk.

At nynorsk faktisk ikkje er vanskeleg, at dei ein vakker dag kjem til å trenge å kunne både forstå og bruke det. At nynorskbrukarar ofte er greie folk som berre ønskar å formidle noko til deg.

7 tankar på “#nynorskgrunnlov

  1. Fantastisk at du skriv nynorsk same kvar du er. Me treng fleire som deg som syner andre at nynorsk ikkje er noko alternativt og eksotisk, men det mest sjølvsagte og naturlege for eit godt knippe nordmenn. Det er skriftspråket vårt, og det er me stolte av!

    1. Tusen takk for hyggjeleg kommentar. Eg håpar å inspirere andre til å gjere det same, det sluttar aldri å forundre meg når eg ser nynorskbrukarar legge om til bokmål der det strengt tatt ikkje er naudsynt. Men det får bli eit anna blogginnlegg :)

  2. Dette var ein fin oppmuntrande tekst! Eg heiar på slike som deg! Eg og held meg til morsmålet mitt på jobb, sjølv om det nok ikkje eigentleg gagnar bedrifta mi, men det gagnar likevel folk og fe, trur nå eg.

  3. Takk for det All Verdas. Hald fram med det – det gagnar nok bedrifta di meir enn du trur :)

  4. Hei! Eg er frå Ålesund, bokmålsøya i nynorskhavet på Sunnmøre. Det er fordi ålesundarar flest meiner dei snakkar ei dialekt som ligg nærmare bokmål enn nynorsk. Jaja.
    Men eg ville seie litt om det å sjå på nynorsken som naturleg, som eit bruksspråk, som eit kvardagsspråk. Eg er 49 år, eg hata, verkeleg hata, nynorsk på vidaregåande. Eg var med på å starte aksjonar for å sleppe å skrive nynorsk, eg agiterte og eg var sint. Så byrja eg å studere norsk ved Høgskulen i Volda, og det var der eg såg det. At nynorsk var naturleg, at det var eit daglegspråk som blei brukt til meir enn å skrive dikt om blånande fjordar. I Volda/Ørsta-regionen var butikkane «kveldsope» og «laurdagsope». Seinare som bibliotekar og biblioteksjef i nynorskkommunar måtte eg skrive nynorsk om eg ville eller ikkje. Til slutt såg eg vel lyset, og grunnlaget blei lagt i Volda og på høgskulen. Seinare har eg i 11 år, inntil få veker sidan, vore biblioteksjef ved Ålesund bibliotek. Kommunen er språknøytral, og eg haldt fram med nynorsken, sjølv om eg kunne ha hoppa av. Det blei lagt merke, og ei stund skreiv både biblioteksjefen, informasjonssjefen og it-sjefen nynorsk. Dessverre må eg innrømme at eg aldri vil skrive så godt nynorsk som bokmål. Men dette har blitt ein hjartesak for meg, ja, eg vil nesten seie eit livsprosjekt, og eg er blitt nesten fanatisk. For meg har det handla om viljen til språk, og den viljen har i meg etterkvart blitt veldig sterk.
    Eg ønskjer deg lykke til vidare, og takk for dette blogginnlegget!

  5. Tusen takk for at du deler denne erfaringa, Mariann! Eg syns alltid det er kjekt med historiar om folk som har «sett lyset» :)

    At du ikkje skriv like godt nynorsk som bokmål syns eg er eit godt forsvar for at du skal kunne få lov til å skrive bokmål dersom du vil, fordi for meg så er dette eit av dei viktigaste argumenta for at eg skal skrive nynorsk. Det er det språket eg gjer jobben min best på. Men eg syns det er ei nydeleg hjartesak å ha, at du som har språk, litteratur og formiding som din kvardag er ein nynorsk-ambassadør syns eg er flott. Hald fram med å spreie det gode nynorske ord i bokmålsbyen på Sunnmøre, så skal eg halde fram med å ta føre meg hovudstaden :)

    1. Takk, takk! For meg som no er leiar av Norsk Bibliotekforening, så bur eg halve månaden i hovudstaden. No har eg nettopp levert min første leiarartikkel til fagbladet vårt, «Bibliotekforum», på nynorsk, og det trur eg er første gongen det skjer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s