Det er på tide å ta f-ordet tilbake, seier forfattar og feministførebilete Marta Breen. Kampanjen #Feministjavisst har som mål å fjerne litt fordommar folk måtte ha om kven desse menneska er.
Eg er ein sånn, og engasjementet mitt har sendt bloggen min inn i ei tevling om å bli «Verdas beste nynorske blogg».
Eg er altså kåra til Vekas blogg på Framtida.no. Huhei!
I eit intervju (for første gong på lenge på «andre sida» av mikrofonen, litt skummelt!) seier eg noko sånt som:
Egset meiner at det å vere feminist er ein heilt normal ting å vere. Altså å meine at menn og kvinner er like mykje verdt og at verda ikkje er heilt rettferdig og at det difor er naudsynt med litt kvinnekamp.
– Det som ikkje er normalt derimot, er å identifisere seg med ordet «feminist» fordi det er knytt mange fordommar til det. Eg veit eg risikerer å hamne i ein bås hjå nokre ved å kalle meg det, men kanskje eg ufarleggjer ordet for andre. Kanskje eg opnar for at andre skjønar at feminisme er så enkelt som å vere for likestilling, og då er det verdt det, seier journalisten, som har behov for å synleggjere at kvinnesak i seg sjølv er naudsynt og konstruktivt og ikkje ein utdatert kamp.
Les heile intervjuet på Framtida.no.
Og ja, om du er einig i at kvinner er menneske og at desse menneska bør ha like mange rettar som dei menneska som har utovertiss, ta ein sjølvi med eit skilt der det står «Slik ser ein feminist ut», legg det ut på facebook, twitter og instagram under emneknaggen #feministjavisst.
Slik: