Eg har blitt tobarnsmamma

.. og borna har fått namna Felix&Fiona. Dei bur på ein flyplass og vi er ei stor og kul prosjektgruppe som deler foreldreansvaret.

Logo_Fly_Farger

Dei er Oslo Lufthavns nye satsing som skal vise born og barnefamiliar vegen til alt som er nyttig og morsomt for born på flyplassen.

Konseptet er utarbeidd i ei tverrfagleg prosjektgruppe på Oslo Lufthavn, der eg har vore representant for kommunikasjonsavdelinga.

prosjektgruppe

PROSJEKTGRUPPA: Ein prosjektselfie måtte til i ei gruppe med så mange gode idéar og så godt samarbeid!

Identitet til alt barnerelevant

Felix&Fiona skal gjere informasjon, tilbod og funksjonar for born og foreldre på Oslo Lufthavn lettare tilgjengeleg og meir gjenkjennbar. Hovudelementet i prosjektet er ein visuell profil.

Reismedbarn.no var raskt ute med å omtale konseptet å vi lanserte det onsdag. 

Logo_Ansikter_SvartHvitt

Denne profilen skal prege alt som er relevant for born, som til dømes den populære familieslusen i sikkerheitskontrollen, leikeflya, serveringsstadene og stelleromma – sjølvsagt i eit veldig smakfullt design laga av designbyrået EGGS, som har vore ein nær samarbeidspartner i prosjektet.

som til dømes på leikeflya, serveringsstadene og stellerom.

God informasjon på nett

Felix&Fiona skal følge borna gjennom reisa og det startar på nett, som har vore mitt hovudansvarsområde.

OSL.no/barn vil all relevant informasjon for born og barnefamiliar ligge lett tilgjengeleg, med same visuelle profil som dei møter på flyplassen. Her skal det vere informasjon om lovar og reglar, men også nyttige tips når ein skal ut på tur med born. Derfor håpar vi å skape engasjement blant dei reisande også, slik at folk kjem med eigne innspel til kva informasjon dei gjerne vil ha som kan gjere reisa med born lettare, og kva andre tilbod dei gjerne vil ha for born på flyplassen. Slik kan vi bli betre og gi eit endå betre tilbod.

bilde 1

 

Prosjektmøta har resultert i både skriftlege og visuelle notatar

Prosjektgruppa består av folk frå foreskjellige avdelingar på flyplassen, og det tverrfaglege samarbeidet har resultert i gjennomføringskraft og kreativitet,  samtidig som at mange forskjellige hensyn er blitt tatt.

bilde 2

Håpet er at lanseringa markerer ein start på ei stor satsing på ei viktig målgruppe, og at det kjem fleire tilbod og fasilitetar i Felix&Fiona-drakt i den komande tida.

Følg med, og kom med tips til oss på Facebook! 

felixfiona

Ein tanke på “Eg har blitt tobarnsmamma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s