Det er ein sliten men fornøgd redaktør som prøvar å finne dei rette orda å avslutte årets mest produktive langhelg med, samtidig som ein heil nettredaksjon blir pakka ned rundt meg for andre gong på få dagar.
#Javielskerukm er éin måte å oppsummere helga på.
Denne har eg skrive for UKM.no som redaktør for nettredaksjonen under UKM-festivalen 2014.
Framtidas medie-geni er UKM-arar
Det har vore ei helg med mange sterke og herlege kulturelle inntrykk takka vere dei dyktige artistane og kunstnarane. Det har også vore ei helg med mykje teknikk, kablar, utstyr, opptak, skriveblokker og lydopptakarar – takka vere dyktige medie- og teknikkfolk.
I nettredaksjonen har nemleg Noregs dyktigaste samling av framtidige medie-geni vore i full sving for å servere desse kulturelle inntrykka i form av tekst, foto og video. Opp i alt dette har vi rigga oss opp og ned i to forskjellige redaksjonslokaler – utan at verken verda eller direktestreamen kollapsa av den grunn.
Sjå kva vi har produsert her på UKM.no/festivalen!
Dei unge journalistane blei kasta raskt ut i elden etter ei kjapp innføring og opplæring i korleis skrive, ta bilete, filme og redigere innhald på UKM-festivalens første dag. For ein redaktør som sjølv starta som UKM-journalist som 14-åring (for heile ti år sidan – shit), er det med stoltheit og ei ansvarskjensle eg ser på dei ivrige journalistane som tek alle utfordringar på strak arm.
Dei utfoldar seg, hoppar ut av komfortsonene og produserer journalistiske produkt til den store gullmedalje, utan å eingong puste mellom slaga fordi dei er så ivrige etter å levere. Det er imponerande.
Eg har vore der sjølv, og no gjer eg det eg kan for at ungdommane skal ha ei fin oppleving – at dei skal lære, utvikle seg og få meirsmak av medieyrket.
SELFIE: Den berømte selfien har frekventert
emneknaggen #javielskerukm høgt i helga.
Her er ein liten redaksjonsselfie.
No når utviklinga i medieverda går mot at jobbane ikkje akkurat veks på tre og busker, stiller det store krav til dei som skal gå inn i bransjen og klare å bli der. Ein skal vere multimedial og levere innhald på alle plattformar, og då kan sjølvsagt ikkje UKM-redaksjonen vere noko dårlegare.
Multimedial satsing
I år har vi hatt stort fokus på å samarbeide mellom dei tre plattformane tekst, foto og video, som tradisjonelt har vore veldig kategorisk inndelt.
Eitt av dei viktigaste oppdraga våre er at skribentar og fotografar skal få dyrke talenta sine, som jo er grunnen til at dei blei sendt hit til oss, men det er også viktig for oss at dei prøvar nye ting og oppdagar andre talent som dei kan utvikle vidare. Er ein ungdomsjournalist god på innhaldsformidling, vil eg at denne journalisten skal lære seg kunsten å formidle det på fleire plattformar.
Les meir om redaksjonsmedlemane her!
Som ein liten start på dette har vi prøvd nokre nye ting. Tekstjournalistane har levert innhald til direktestudio-sendingane, både ved å skrive og å skaffe gjestar til studio. Tekstjournalistar har også samarbeidd med videoreportasje-journalistar for å produsere same innhaldet tilpassa til begge plattformar. Det kan du sjå eksempel på her, i kombi-video-tekst-saka «Dette ville folket ha deltatt med på UKM – men UKM er så mykje meir».
Vi har også prøvd noko litt nytt – nemleg å kombinere eit lydintervju med fotografi for å få ein spesiell effekt i formidlinga av ei historie. Sjå denne reportasjen om rapparen David som er nesten blind og brukar musikken for å hevde seg.
Enda ein selfie – her ser du tekstansvarleg Audun Rodem
sitt bidrag i den interne, uformelle selfiekonkurransen i
leiargruppa i redaksjonen. Meg til høgre. #photobomb
Så mange historier –så flinke ungdommar
Det er så mange fine, sterke, gode, morosamme, interessante, djupe, fjasete, hyggelege og inspirerande historiar her på UKM. Det er vår oppgåve i nettredaksjonen å fange desse og formidle dei.
Eg håpar alle deltakarane på UKM-festivalen finn mykje interessant stoff påUKM.no/festivalen, og at andre som tek turen innom nettsida vår får eit inntrykk av kva UKM har å tilby.
Sjekk også ut emneknaggen #javielskerukm på Instagram, Facebook og Twitter. Og ja – #selfietrondheim.
Hugs at alt som er gjort, sagt, produsert, filma, skrive, fotografert og skapt på UKM er av ungdommar. Kunstnarar, artistar, programleiarar, produsentar, lyd- og lydfolk er ungdommar. Journalistar, fotografar, fleirkameraprodusentar, videojournalistar og studiovertar er ungdommar.
Hadde dette vore eit kva som helst slags anna arrangement – der vaksne menneske med utdanningar og erfaringar stod bak alt – så hadde det vore imponerande nok.
At UKM-festivalen er av, for og med ungdom frå 12 år og oppover burde gi frysningar nedover ryggane på alle som er vitne til det – for dette arrangementet, denne produksjonen, den er i verdsklasse.
Og eg er stolt over å vere ein del av den. Det er eit privilegium, for i UKM-samanheng er jo eg ein oldis.
(Toppfoto: Håkon Jørgensen)