Deilig spahelg med språkleg bismak

Eg har hatt ei fantastisk helg i deilig luksus saman med ein herleg kjærast. Men som språknerd er det nokre ting som gjer at eg ikkje klarer å la dette vere utelukkande eit blogginnlegg om ei fin helg på spahotell. Eller, «Spa hotell»..

fsfFarris Bad er eit luksuriøst hotell i flotte omgivnader, med lekre rom, digg spa-avdeling, god mat og restaurantpersonell som har peiling på vin.

Det går tydelegvis ikkje an å ha alt.

For min del kan dei vere så reine og pene og ha så god mat dei berre vil. Dei kostar, og eg betalar for å få ei heilheitleg, profesjonell oppleving på ein slik institusjon. Det profesjonelle inntrykket rasar saman når dei prøvar å formidle seg sjølve, på epost, på skilt, på plakatar, på nett. Og då hjelper det ikkje at produktet er godt, når ein ikkje formidlar det godt nok.

Den manglande forståinga av norsk grammatikk dreg i alle fall poengsummen drastisk ned i mi bok. Eg vil gjerne ha ein deilig massasje, men kvir meg for å gå inn i «Spa loungen» for å få den. Behandlingane «Urte kompress massasje», «anti celulite behandling» eller «melke bad» er heller ikkje aktivitetar som lyder særleg innbydande for ein luksusglad språknerd.

Eg veit ikkje kva andre gjer, men eg har ikkje gitt ansiktshåra mine eigennamn, difor er «Farging av Vipper & Bryn» ikkje noko for meg. Vipper & Bryn bur ikkje her, for å seie det slik.

ggaaaaDårleg språk = uprofesjonelt

Eg har éi oppfordring til Farris Bad, og den er velmeinainde. Eg har gitt den direkte til dei også, så dette er ikkje dritslengjing. Det er berre noko eg er oppteken av, og eg klarar ikkje å halde det for meg sjølv. Farris Bad er ein altfor høgtståande, luksuriøs, profesjonell (og dyr!)  institusjon til at slikt kan gå umerka forbi.

Oppfordringa: Dra saman orda dykkar, Farris Bad, slå opp i den norske ordboka, ta ein tur innom sprakrad.no og les at norsk og engelsk ikkje har like reglar. I norsk deler vi ikkje orda like ofte, og vi er litt mindre rause med store forbokstavar. Skal de framstå som profesjonelle så må språket henge med.

Eg var såpass hensynsfull at eg ikkje tok bilete inne i «Spa området», så eg har ikkje dokumentasjon på dei språklege blunderane som prega sjølve lokalet. Dette innlegget blir derfor illustrert med bilete i kategorien vi-ignorerer-språket-ei-lita-stund-og-kosar-oss-på-spa.

Det er vel ikkje berre eg som meiner språk er viktig for korleis ein framstår? Eg har i alle fall ein tendens til å dra konklusjonen dårleg språk = lite profesjonell.

Les også innlegget I forhold til språket.

8 tankar på “Deilig spahelg med språkleg bismak

  1. Å så enig! Droppa restaurantbesøk i sommer fordi nettsiden til stedet var skrevet på en så uproff måte at jeg helt mista lysta. Nå kan jo kokken være flink selv om markedsfolka ikke funker, men et førsteinntrykk er et førsteinntrykk…

  2. Det er ikke bare meg, med andre ord! Jeg pleier å irritere meg mye mer over slike kommunikasjonsproblemer enn andre problemer. Det er noe med problemer jeg vet jeg kunne fikset hvis jeg bare fikk lov. Jeg får ofte lyst til å korrekturlese og fikse skilt, brosjyer, nettsider og så videre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s