Eg er blitt deltidsstudent ved sidan av full kommunikasjonsjobb. Éin kveld i veka skal eg lære meg å fotografere og redigere – og her er mitt første photoshop-prosjekt. Sjå, le og følg med på utviklinga!
For å gi meg sjølv meir å gjere har eg starta å studere Design og kommunikasjon i digitale medier på Høgskulen i Oslo og Akershus. Studiet er tilrettelagt for folk som er i full jobb, og er ein perfekt arena for å verkeleg – ein gong for alle – bli god i Photoshop og på fotografering. Eg har nemleg eit supert speilrefkelskamera (Canon 60D), og eg har vore gjennom utallige fotokurs, både gjennom skule og jobb, men informasjonen har liksom aldri heilt sett seg. Dessutan har eg alltid vore den med skriveblokk eller opptakar, og alltid hatt med meg ein fotograf ut på oppdrag, så behovet for å bli god på foto har aldri vore det heilt store. Før no. No vil eg, må eg, skal eg bli god på foto!
Eg kjem til å blogge ein del om foto og fotoredigering framover av fleire grunnar:
1. Eg kjem til å vere veldig opptatt av det, og dermed er det naturleg å blogge om det.
2. Eg har enno ikkje funne ein einaste blogg som omhandlar dette studiet, og det syns eg er rart sidan det er eit mediefagleg studium og det er mange nerdar, kommunikasjonsfolk og andre formidlarar som har studert det. Kanskje ein etterkomar finn det nyttig.
3. Tenk om eg bli kjempeflink, då! Då må eg jo vise fram verket mitt.
Foto for dummies – elskar det
Allereie etter eit par forelesningar kjenner eg at brikkane fell på plass. Hittil har eg fått ei heilt basic innføring i Photoshop og eit grunnleggande kurs og litt testing i korleis ISO, blenderopning og lukkartid fungerer.Har høyrt det før – men føler først no at eg forstår det og klarar å sette det ut i praksis. Det kriblar i magen og eg kosar meg så mykje fordi eg skjønar det, og eg ser så mange muligheiter til å få brukt det både privat og profesjonelt. Endeleg! Hurra!
Vel. Før eg skal skryte på meg å vere profesjonell fotograf og fotoredigerer så skal det grunnleggjande på plass. Eg har jobba mykje med Photoshop tidlegare, men eg er berre trygg på ei visst mengde verktøy. Mange grunnleggjande funksjonar er heilt nye for meg, difor kosar eg meg kjempemykje no når eg sit heime og det går opp lys etter lys for meg.
Første skuleoppgåve var å lage ein collage i photoshop, med enkle krav som å bruke lag (layers), malingsbøtte, lasso / magic wand og transform tool. Lag og malingsbøtte var ikkje nytt, men transform tool opna ei verd av muligheiter for meg. Mitt første eksperiment var basert på ein photoshop-tutorial for å lage eit CD-cover av eit band. Istaden for musikarar, brukte eg bilete av hunden min Timmy, klipte han ut frå fleire forskjellige bilete eg har av han og klæsja han fast på eit New York-skyline-bilete eg sjølv har tatt, og pynta det opp med nokre utklipp av brudebuketten til ei venninne. Resultatet blei slik:
Komisk – eg veit. Eg lo meg gløgg i hel medan eg mekka saman denne. Det er meininga den skal vere litt teit, altså. Lovar.
Eksplosjon – litt vanskeleg å klippe ut
Neste oppgåve eg gav meg sjølv for å øve var å prøve å lage ein typisk «Tøff type spaserer casual unna ein eksplosjon»-greie. Naturleg nok brukte eg den tøffaste mannen eg veit om, sambuar Åsmund. Eg klipte ut ein eksplosjon, den samme New York-skyline-bildet eg brukte på Timmycollagen og ein blodraud himmel. Voila. Altså. Eg har ikkje brukt veldig mykje tid på dette, dermed er kantane veldig kantete, overgangane dårlege og lyset feil. Dette var berre eit kjapt øvingsprosjekt i å lage collage. Berre for å ha sagt det. Igjen. Sjå, det kan nesten synast kor gøy eg har hatt det med å lage denne:
Då har eg øvd meg litt. Og ledd mykje. Innleveringsoppgåva var å lage ein collage som skulle fortelle litt om meg sjølv.
Sluttresultatet som hamna i innleveringsmappa i Fronter blei denne: Ein collage med bilete av ting eg bryr meg om. Her finn du mellom anna den godt brukte New York-skylinen, hunden Timmy og kjærasten Åsmund. Vi blei oppfordra til å prøve å legge éitt av elementa inni ei flaske, difor er Åsmund inn i ei flaske. Flaskene illustrerer jo også heilt greit at eg er passe glad i øl. Du finn fleire flyreferansar og skilt, samt feminist-ikonet Rosie the Riveter og min ande far, Ivar Aasen. Og internett da. Eg er glad i internett. Collagen er stasha opp med litt Photoshop-effektsnacks som patterns og filter på eit bakgrunnslag av den finfine fargen blå.
Sånn. Då er fotoeventyret mitt endeleg i gang. Ein dag blir eg flink, men førebels er eg på stadiet der eg kjenner eg må understreke humoren i amatørskapen her. Difor avsluttar eg med ein aldri så liten..
..lol!