Flyplassborna i Bakkenytt

Felix&Fiona er konseptet vi har utvikla for å samle og utvikle tilbod for born og barnefamiliar på flyplassen. Dei er allereie blitt populære. Her er ei sak eg har skrive om «borna våre» for det Avinor-interne magasinet Bakkenytt.

FF_bakkenytt Tidlegare i år lanserte vi det passasjernyttige konseptet Felix&Fiona.

Eg har vore så heldig å få vere med på utviklinga av konseptet, designet, karakterane og bruksområdet. Det har vore – og er framleis – ein kjempemorsom og kreativ prosess, som eg har blogga om tidlegare.

Ein av dei morsomme oppgåvene eg har knytta til Felix&Fiona-prosjektet er kommunikasjonsjobben med å gjere det kjent både for kollegaer, passasjerar, følgjarar, media og andre interesserte. Då særleg barnefamiliar. Ein av dei nyaste kanalane Felix&Fiona har dukka opp i, er Bakkenytt, eit internmagasin for Avinor som går ut til tilsette på flyplassar over heile landet. Trykk på biletet over for å lese heile i større format.

Prosjektet er alt anna enn avslutta – men no går det inn i ei ny fase, og til den treng vi publikum si hjelp. Vi intensiverer arbeidet med å samle og merke alt som er relevant for barnefamiliar på flyplassen, i tillegg til å merke og skreddarsy informasjonen på nett. Men kva manglar? Kva vil barnefamiliane ha? Vi vil helst sleppe å prøve å resonnere oss fram til kva born og barnefamiliar teoretisk kunne tenke seg her på Oslo Lufthavn, vi vil vite kva dei faktiske behova og ønska er. Derfor ber vi om tilbakemeldingar. Har du reist med born nokon gong? Kva sakna du? Kva kan vi i Oslo Lufthavn gjere for at reisa di med born blir betre enn den er no? Skriv til oss på Facebook, Twitter, Instagram, eller send mail, eller kommenter her! (:

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s