Slik såg det ut då eg og to klassekameratar skulle lage kvar vår filmplakat med same utgangspunktet. Skal tru om eg burde slutte med dette mediagreiene og bli plakatfjes på heiltid?
I faget Digitale bilder, som eg tek som ein del av deltidsstudiet Design og kommunikasjon i digitale medier, har vi hittil fått innføring i og øvd oss på fotografering og fotoredigering. Studiofoto-dagen resulterte i eit portrettbilete av meg, og dette blei utgangspunktet for filmplakat-oppgåva. Vi gjekk i grupper på tre der alle lagde kvar sine skisser utifrå same portrettbiletet.
Det er veldig fascinerande kor forskjellig utfallet blei med det same utgangspunktet, og det var ein artig seanse då alle sine filmplakatar blei vist fram på storskjerm. Vi blei vurdert utifrå både komposisjon, tekniske ferdigheiter og andre kriterium i oppgåva som bevisste bruk av verkemidlar og bodskap som når fram.
Dette var gøy! No lærer vi Illustrator, og ei ny verd har opna seg for meg. Gler meg til å dele alt det kule eg har lyst til å få til i det programmet.
I denne oppgåva gjekk eg for den velkjende nynorsk skrekkhumor-sjangeren. Plakatane til mine to medstudentar er publisert med løyve.
Her kjem dei i større versjonar: