OSL-kommunikasjonsgjengen er best

Eg er så heldig at eg jobbar i ei prisvinnande kommunikasjonsavdeling. Vi har gjort oss fortjent til prisen «Årets nyhetsrom» hos Mynewsdesk. Hurra!

Oslo Lufthavn brukar Mynewsdesk som plattform for å publisere og distribuere nyheiter, pressemeldingar og blogginnlegg. Mine gode kolleager vann prisen «Årets nyhetsrom» i kategorien organisasjonar/offentleg sektor også i 2011 og 2012. Det er ein engasjert, kreativ og dyktig gjeng. Då eg starta her i januar i år, byrja vi å ta skrive og dele blogginnlegg, i tillegg til tradisjonelle pressemeldingar og nyheiter. Dette senka terskelen for kva vi publiserer, og vi har fått høve til å fortelje mange gode historier gjennom året. Under fanen «hverdagshelter», som også har vore marknadskampanjen vår i 2014, har vi fortalt om viktige funksjonar og menneske på arbeidsplassen vår, og vi har fått kollegaer til å skrive om arbeidskvardagen sin sjølve.

For mange så er ein flyplass ein stad ein reiser frå og kjem til. Alle som jobbar her veit at det er utruleg mykje som skal fungere samtidig for at reisa til passasjeren skal gå bra. Vi har mange kvardagsheltar og det er gøy å kunne fortelje spennande historier, få kvardagsheltane fram i lyset, og med det få respons og skape begeistring!

Besøk vårt prisvinnande nyheitsrom her!

4 tankar på “OSL-kommunikasjonsgjengen er best

  1. Gratulerer så mye! Vi i FN-sambandet var nominert i samme kategori i fjor og året før der, og vi tok også det som et tegn på anerkjennelse for at vi gjorde (og fortsatt gjør håper jeg;) mye rett ift mediekontakt på nett.
    Vi bruker MND kun til å håndtere pressekontakt. Kun til å administrere pressemeldinger samt de vedlegg vi ønsker å levere ut til pressen samme med PM. Men dere bruker tydeligvis også MND til blogging? Og som en generell CMS/publiseringsplattform?
    Mitt inntrykk er at MND nettopp ønsker å gå den veien, til å bli en CMS for næringslivet. Som organisasjon har vi nok andre CMS-behov, men det er interessant å se hvordan kommersielle bedrifter bruker MND som publiseringsplattform for nyheter.
    Uansett spennende å lese hvordan dere løser dette.
    Hilsen Terje.

    1. Hei! Takk for det :) Har sett nyheitsrommet dykkar, veldig bra! Likar også godt nettsida dykkar, er det sharepoint? Vi har nettopp gått over til Sharepoint. I den nye nettløysinga vår har vi gått vekk frå nyheitsproduksjon fordi det blei veldig lite lest på nettsida vår, så vi har lagt alt av redaksjonelt innhald, både nyheiter, pressemeldingar, materiale og blogginnlegg til MND, og reindyrka nettsidene til reiseinformasjon og konserninfo. Og så er det ikkje alt vi vil fortelle som er like interessant for media som for nokre av våre andre målgrupper, som passasjerar, flyspottarar og potensielle kollegaer, og ikkje alt har nyheitsverdi, men er likevel interessant og viktig for oss å fortelle, og då er bloggfunksjonen veldig fin å bruke.

      1. Ja det er interessant å se hvordan ulike organisasjoner velger ulike løsninger for publisering og kommunikasjonskanaler. Vi har FN.no som hovedkanal for all kommunikasjon, men bruker MND som kanal for det materialet vi har som er spesielt rettet mot presse/redaksjoner/journalister. Nyttig å høre at dere har valgt å legge ALT redaksjonelt innhold inn på MND, men vi kommer nok ikke til å gjøre det.
        Nettsidene våre, både FN.no og Globalis.no, er bygget med eZ Publish.

      2. ja, FN-sambandet er jo per def ein informasjonskanal om FN så for dykk er det nok meir naturleg å ha meire redaksjonelt innhald på nettsida :) Våre besøkande er meir interesserte i flytider og om det er kø i sikkerheitskontrollen. De gjer ein god jobb, eg var kommunikasjonspraktikant der i 2011 og det var nokre veldig trivelege, lærerike og givande månader! Stå på vidare!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s