Rapport frå Tanzania og livet

Hei bloggen! Det tok nokre veker, men eg har endeleg klart å velge ut nokre dyrebilete frå Afrika-eventyret. Og – du vil ikkje tru kva som er nytt sidan sist.. 

I januar/februar reiste eg, sambuar Åsmund og vener Martine, Sindre og Anders ut på eventyr. Vi flaug til Nairobi, Kenya og kjørte landevegen over grensa til Tanzania for å speide etter ville dyr og kul natur i Serengeti, Ngorongoro, Ndutu og Lake Manayara i ei veke. Etterpå sleika vi sol på Tanzania, og sola sleika oss til vi blei gode og raude. Eg fekk vite at eg var nomiert til den gjeve prisen «Verdas beste nynorske blogg», men som de kanskje kan tolke frå den bitre bloggtørka å var det ikkje eg som stakk av med sigeren.

Neida, eg er ikkje bitter, eg har det faktisk heilt fantastisk. Ein annan ting som skjedde i Tanzania var at framtida mi tok ei dramatisk vending ved hjelp av ein telefonsamtale – eg fekk nemleg tilbod om ein jobb eg hadde sikla og søkt på og vore gjennom ein intervjuprosess til. Takka eg ja? Eh, ja. Eg er no eit stolt og audmjukt PR-menneske i det store kommunikasjonshuset Gambit Hill+Knowlton, der eg er så heldig å få lov til å vere kreativ og produktiv i den kreative satsinga Bisqit. Jepp – og så har eg endeleg klart å velge ut eit ørlite utval bilete frå Tanzania-safarien.

Kvifor har dette tatt så lang tid og vore så vanskeleg spør du? Jo – vi tok altså i overkant av 2000 bilete. Dei aller fleste var anten blinkskot eller nesten-blinkskot. Vi var vitne til vedunderlege augneblink på savannen. Vi møtte store elefantflokkar, løver som akkurat hadde jakta og gomla på gnuar og gaseller, ein gepardfamile som sprang rundt og leika seg, leopardar som gjekk på tur ved bilen vår, løvemødre og løvebabyar og løvebrødre som koste og leika seg – du vil ikkje tru kor mange flotte bilete det resulterte i. Eg og Åsmund delte på å fotografere med mitt Canon 60D og vårt felles safari-innkjøp Canon 70-300-objektiv. Han skal difor ha minst halvparten av æra for alle dei flotte bileta – og minna frå det som eg vil skildre som intet mindre enn ein episk ferietur.

Enjoy!

IMG_6269 IMG_6329 IMG_6411 IMG_6495 IMG_6613 IMG_6717 IMG_6901 IMG_7033 IMG_7137 IMG_7196 IMG_7239 IMG_7241 IMG_7449 IMG_7709 IMG_8091 IMG_8561 IMG_8571 IMG_8664 IMG_8804 IMG_8831 IMG_8842 IMG_9026 IMG_9378

 

Ein tanke på “Rapport frå Tanzania og livet

  1. Artig å lese om dej…..du skrive på en artige måte…..du e Dyktig!!!!!!!!!!! <3 Den 11. mars 2015 kl. 22:04 skrev Susmumrik : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s