Fotografen Antoine Geiger har laga ein forstyrrande biletserie for å fortelje oss at vi blir sugd inn i ein digital avgrunn. Interessant tanke, uhyggeleg illustrert.
Eg fann denne på internett i dag.
Sjekk her:


Biletserien er ein kommentar til vår teknologiske kvardag og korleis den påverkar oss. Geiger vil illustrere at vi distanserer oss frå den fysiske verda, og teiknar eit forstyrrande bilete også i skildringa av biletserien:
Den lille (..) tingen som purrar i veska di når du får eit anrop, som skrik når batteriet er lavt, kva slags stad okkuperer den i hovudet ditt? Skjermen inkarnerer truleg liva våre, og med eit slikt talent, er den snart meir røyndom enn vårt eige kjøt.
Oppdatering: Aftenposten har skrive ei lita sak om biletserien (17.11). Les den her.