Kvifor skal vi nøye oss med feminisme? La oss kjøre på med fullblåst likestilling. Slik ville det sett ut.
Dagens internettfunn er denne lille perspektivgivande teikneserien som fortel kva du eigentleg seier når du fornektar feminisme men samtidig er for likestilling. Til no har eg sett på det som ei kraftig sjølvmotseiing. Denne teikneserien motbeviste meg.
Så. Neste gong du seier at du ikkje er feminist, men trur på likestilling, ver klar over at du i augene mine vil endre form til ein teikneseriefigur.
Teikneserien er henta frå Collegehumor.