Nøkkelen til ein god tekst er ein god prosess. Her er nokre tips og triks henta frå retorikken og journalistikken.
Alle jobbar, tenker og skriv på forskjellige måtar, men det fins nokre enkle grep som alle kan dra nytte av i tekstarbeidet, (nesten) uansett kva slags tekst du skal skrive. Journalistar, kommunikatørar, reklamefolk, bloggarar, forfattarar og marknadsførarar skapar tekstar med forskjellige mål, men nokre mål har vi til felles: Vi vil fange, og halde på, lesaren. Vi vil få bodskapen vår fram.
Dette innlegget blei først publisert på Gambitbloggen.
Vel eit fokus – og hald deg til det
Det viktigaste tipset først: Det viktigaste i teksten bør kome først. Før du startar å skrive, plukk ut hovudpoenget i teksten, altså det viktigaste du skal formidle. Fjern alt som ikkje er direkte relevant for dette. Meininga er at du ikkje skal miste formålet med teksten av synet: Kva skal du oppnå, kvifor skal du skrive teksten, kva slags inntrykk skal lesaren site att med?
Å velje eit fokus som skal følgje deg gjennom heile skaparprosessen er ein metode NRK-journalistar brukar både i TV-, radio- og nettjournalistikk. Som journalist får du ikkje lov å gå vidare med arbeidet før vaktsjefen har godkjent fokuset ditt.
Fokuset skal vere konkret. Skriv dette ned så kortfatta som mogleg, gjerne i éi setning. Denne setninga skal leie deg gjennom resten av prosessen. Alt du skriv skal ha relevans til fokuset. Dette hjelper deg å gjere bevisste vurderingar undervegs av kva du skal ha med og kva du skal fjerne. Slik unngår du å fylle opp teksten med ikkje-relevant informasjon som stel merksemda frå poenget.
Stel frå retorikken
Alle brukar retorikk, men ikkje alle gjer det bevisst. Retorikk er eit sett med verktøy som kan gjere språket effektivt når du skal overtale eller overbevise. Du kan bruke grunnsteinane i retorikken når du skal utvikle ein tekst.
Inventio
I første fasen samlar du materiale, informasjon, fakta og argument. Hugs å halde deg til fokuset. Alt du samlar inn skal vere relevant for fokussetninga du starta med. Alt anna skal vere med som resultat av eit bevisst og reflektert val.
Dispositio
Organiser materialet i ei rekkefølge som gjer det mulig for ein mottakar å forstå kva du meiner.
Ein journalistisk tekst er ofte utforma som ein omvendt pyramide:
Dette er ein journalistisk skriveteknikk der viktigaste er plassert øverst. Konklusjonen kjem først, så blir innhaldet meir detaljert og mindre viktig lenger nede. Ein spennande tittel er viktig får å få lesaren interessert. Men sjølv når du har fått lesaren interessert, er det ikkje sikkert han orkar å lese alt. Ein nettlesar er utolmodig og les – dessverre – sjeldan ein artikkel heilt til slutt. Skriv derfor teksten din på ein slik måte at lesaren kan hoppe av når som helst utan at han går glipp av det viktigaste poenget. Prinsippet fungerer like godt i facebookstatusar, reklametekstar, pressemeldingar, blogginnlegg og epostar.
Elocutio
Dette er den siste retoriske grunnsteinen. Med ein god disposisjon som grunnlag kan du kose deg med skrivinga og fokusere på kva slags språk du skal bruke. Tenk på målgruppa og kva denne vil sette pris på. Hugs: Alle målgrupper set pris på korrekt grammatikk og fråveret av unødige fyllord og klisjéar.
-
Nyttige ressursar:
Calvert, Christine: Skriv så det selger! En bok for deg som vil overtale og overbevise (2012: Universitetsforlaget)
Søyland & Fretland: Norske skriveregler, Reglene du trenger for å skrive på papir og skjerm(2015: Samlaget)
Dalen, Ove: Effektiv nettskriving (2009: Cappelen Damm)
….og: