Den fjerde bølgen: Prisvinnande biletserie

Eg er stolt og audmjuk over at eg er portrettert i fotograf Maria Gossé sin prisvinnande, feministiske fotoserie.

Maria Gossé er eit namn verdt å merke seg. Ho er ein dyktig fotograf med eit godt blikk, og har blant anna fulgt Burleskartisten Fifi von Tassel i eit dokumentarisk prosjekt.

Dei siste åra har feminisme fått ein stor plass i norsk offentlegdom, mykje takka vere engasjerte eldsjeler som Maria Gossé, og ikkje minst mange av dei ho har portrettert i fotoserien Den fjerde bølgen.

Fotoprosjektet er eit forsøk på å konkretisere «samfunnstrenden» feminisme. Kven er dei norske feministane? Vel – eg er ein av dei, og eg er superstolt over å få vere i så godt selskap som i denne fotoserien. Vi er kjente og ukjente feministar som har stilt opp til portrettbilete og svart på spørsmål om kva feminisme betyr for oss. prosjektet er publisert over 36 sider i tidsskriftet Samtiden, med sjølvaste Marta Breen (min helt) som redaktør. For litt sidan vann Maria ein Gullsnitt-pris for fotoserien – Enormt velfortjent!

Skaff deg eit eksemplar av Samtiden for å sjå heile fotoserien og lese intervjua med oss, eller ta deg ein sniktitt her.  (Biletet under er knabba frå framsidebiletet til Maria Gossé på Facebook).

Foto: Maria Gossé

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s