Den upersonlege avsendaren

Kven er denne «man» med sekk og lue på? Det er på tide med mannefall.

Dette innlegget blei først publisert på Gambitbloggen. 

Man (bokmål) eller ein (nynorsk) er ein vag liten rakkar i språket vårt, og eg syns det er på tide å røske litt i han.

Man er eit ubestemt pronomen som viser til noko allment eller uspesifisert i ei setning, og kan vere ein fin erstattar der det ikkje er viktig eller definert kven ein snakkar frå eller til i teksten. Til dømes i titlane «10 bøker man må lese før man dør», eller «man bør alltid låse døra etter seg» kan man funke greit.

Men –  Eit ukritisk overforbruk av man skapar ein avstand mellom sendaren og mottakaren som eg trur dei fleste avsendarar eigentleg ikkje ønskar.

Kva er gale med «eg», «vi», «du» og «dykk»?
Er det ikkje du som tilrår 10 bøker eg bør lese før eg dør, og bør ikkje vi låse døra etter oss?

I mange tekstar syns eg bruken av man reflekterer ein manglande vilje til å vedkjenne seg innhaldet i teksten, og det gir ikkje akkurat eit godt inntrykk av avsendaren. I tekstar der manstår som subjekt eller avsendar av bodskapen, fins det i praksis ingen avsendar. Det er ein tredjepersonsmåte å omtale seg sjølv på, og er ei framandgjering mellom deg og lesaren. Tenk over det når du skriv – ønskar du verkeleg denne avstanden? Kvifor skriv du det då i det heile?

Eg vel meg du
Vi veit at såkalla «slik»- og «du»-journalistikk er ein nær skotsikker måte å lokke ein lesar inn til ein artikkel på. Mykje kan likevel seiast om «du-journalistikken» som retorisk grep, og særleg om innhaldet, men det får bli eit anna innlegg. Dersom eg måtte velje mellom du- og man-journalistikk, vel eg meg du.

«Slik får du mange lesere» har ein heilt annan klang og tiltrekningskraft enn «slik får man mange lesere».  Eg veit i alle fall at eg vil lese det som omhandlar meg, eg er ikkje så sikker på om det som er retta mot man er interessant for meg. Det er heile «vitskapen» bak denne taktikken – og den funkar. Berre spør VG, Dagbladet, Klikk.no, Side2 og <sett inn namn på nettavis her>.

Du er eg og eg vil lese om meg. Dessutan er eg ikkje overtydd om at man er ein avsendar eg stolar på heller.

  • Les også: Refleksjonar om en eller man på ordnett.no 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s