Det unormale kvinnekjønnet

unntakskvinna.jpg

Kvifor insisterer media på å forsterke at mannen er regelen og kvinna er unntaket?

Innlegget var først publisert i Norsk Tidend og Framtida.no. 

Eg ser stadig at kjønn blir spesifisert i tekstar der det tilsynelatande ikkje er relevant. Og det skjer oftast der kjønnet avvik frå «normalen» – ein mann. Ein mann får sjeldan kjønnsidentiteten sin innblanda i framstillinga av seg sjølv – fordi mannen ser ut til å vere regelen som ikkje treng noka spesifisering. Dette skjer både i samfunnet og i språket. Kvinna er unntaket, og må stadig finne seg i å få kjønnet smurt utover heile framstillinga av seg, uavhengig av kor relevant det er for saka.

Eit kjapt Google-søk på «kvinnelig sjef» gir om lag 485 000 treff, medan «mannlig sjef» gir 135 000 treff.  Eit søk på «kvinnelig sjåfør» får om lag 220 000 treff, og søket på «mannlig sjåfør» gir 39 900 treff.

I nyheitssaker om bilulukker ser ein sjåfør alltid ut til å vere ein mann inntil det motsette er bevist, og då skal kjønnet inn i førarsetet slik at vi lesarar ikkje skal vere i tvil. Kvinnelege sjefar er så sjeldne at dei må bere kjønnet sitt ved sida av tittelen sin, medan den mannlege sjefen, normal som han er, slepp.

Historia har mykje av skulda for å ha planta dette djupe penisavtrykket i samfunnet og språket vårt.  Mannen har vore rådmann, formann, lensmann og styrmann, han deltek på allmannamøte, som talsmann og foregangsmann. Heldigvis har mange slike titlar i nyare tid blitt kjønnsnøytrale, så det går rette vegen. Men vi er ikkje framme, for framleis må vi sjå at kvinnekjønnet skal inn i setningane og stadfeste kor unormalt det er. Dessutan favoriserer språket vårt også framleis mannen til og med ved at det kjønnsnøytrale pronomenet «man» er ein mann. Her har i alle fall nynorsken eit likestillingsfortrinn framfor bokmålet, så eg ropar eit lite hurra for oss. Eg ropar også hurra for svenskane som har introdusert det kjønnsnøytrale pronomenet «hen». Det bidreg både til å ta det irrelevante kjønnet ut av teksten, og hjelper oss å skrive korte, konkrete tekstar utan å vere omstendelege og måtte bruke skråstrekar.

Det er på tide at vi skjerpar oss! La meg tvile. La meg sleppe å ta med meg alle mine fordommar, stereotypiar og oppfatningar inn i lesaropplevinga mi. La meg sleppe umedvite å forskjellsbehandle personane eg les om basert på mine oppfatningar av kjønn. Slutt å forsterke at mannen er regelen og kvinna er unntaket. Om vi startar med språket, så kanskje resten av samfunnet vil følgje etter.

Illustrasjon: Monika Terese Edvardsen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s