Reiseglad og engasjert feminist, språknerd, sopran og mediaentusiast.
Likar: Innhaldsgreier og internett (minus kommentarfelt), teknologi, zombiegreier, teater, fagdagar, musikk, bøker, photoshop, ostekake, sjokolade, hundar, teikneseriar, gul, eksotiske strøk, flinke folk.
Likar ikkje: Verdsrommet, å stå opp tidleg, å fryse, i forhold til-feil, krig, å lese ferdig gode bøker, multer, kommentarfelt, kynisme.
Stolt, aktiv og ivrig nynorskbrukar. Brukar det til det meste.
Eit jobb- og utdanningssamandrag:
Er innhaldsrådgjevar og fagansvarleg for innhald i Netlife Design. Tidlegare tekstforfattar og PR-potet i Gambit. Har jobba med kommunikasjon på Oslo Lufthavn. Tidlegare nyheitsjournalist i NRK. og redaksjonsmedlem i feministtidskriftet Fett. Har studert design og kommunikasjon på HioA (/OsloMET..), litt statsvitenskap på UiO og sikra meg ein bachelor i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. Redaktørveteran for UKM-festivalen.
@susmumrik på.. Twitter Instagram Flickr LinkedIn Facebook
I media
Les gjerne nokre av mine tidlegare tekstar her.
Eg har ikkje for vane å gå stilt i gangane, og stikk meg gjerne fram dersom eg meiner noko om språk, likestilling eller kommunikasjon.
Eg klarte til dømes ikkje å reise på spahelg utan å reagere på den hårreisande dårlege språkføringa på spahotellet:
- Østlands-Posten: – Deilig spahelg med språklig bismak
- NRK.no: Farris Bad får språkrefs
Då eg jobbar på Oslo Lufthavn, nølte eg ikkje med å stille i Romerikes Blad og fortelje kvifor eg pendla så langt kvar dag:
- Romerikes Blad: – Jeg pendler til drømmejobben
Eg skreiv eit debattinnlegg i Aftenposten, som førte til at eg havna i Dagsnytt 18-studio. Det var diskusjonen om ein dom i Follo tingrett, der overgriparen fekk skjerpa straff fordi offeret var lesbisk, og dermed, ifølgje retten, meir traumatisert enn ei heterofil kvinne ville ha vore. Hårreisande dustete, meinte eg:
- Aftenposten: Ein kan ikkje måle traumer i legning
- Dagsnytt 18: Sjå klippet i Dagsnytt 18 på NRK Nett-TV
På scena
Nemnte eg at eg likar å stikke meg fram? Eg held mange kurs, foredrag og konferansiergreier, og var til dømes konferansier på Social Media Days 2017:



..Var også konferansier på Flytkonferansen 2018.
..Og så syng eg i Oslos kulaste kor, Cava :)