Tidlegare tekstar

Mine tekstar 

Som tekstforfattar i Gambit har eg sidan 2015 skrive og fått publisert ein del tekstar her og der på vegne av kundane mine, både artiklar, reportasjer, kronikkar og portrettintervju, blant anna. Eg kan sjå langt etter ein saftig byline, men gjer ingenting – for eg er så heldig at eg får leve av å skrive – og det er draumen.

Draumen har blitt levd andre stader før Gambit, og det er litt trist at mykje av det eg har skrive er vanskeleg å få tak i. Men eg har googla litt – og her er eit lite utval av mine tidlegare tekstar. Ikkje nødvendigvis representativt for alt eg har gjort, men ein stad må ein vel starte.

Kommunikatør på Oslo Lufthavn 2014-2015

I kommunikasjonsavdelinga på Oslo Lufthavn fekk eg skrive artiklar til intranett og nettsider og tekstar til sosiale medium, ofte for å promotere konsept eg sjølv var så heldig å få vere med å utvikle, til dømes barnekonseptet Felix & Fiona. 

Journalist i NRK 2011 – 2014

Som journalist i nyheitsavdelinga var eg så heldig å få møte mange spennande menneske som har interessante historiar å fortelje. Eg lærte mykje både om samfunnet og meg sjølv. Eg blei kjent med og lærte av dyktige og erfarne kollegaer. Eg jobba mykje både på radio og nett, med kultur, politikk og løpande nyheitssaker. Her er nokre få av artiklane mine eg har funne att i ettertid:

Informasjonsrådgjevar i FN-sambandet 2011

Før eg starta i NRK var tida mi som praktikant i FN-sambandet mine første erfaringar med å intervjue statsrådar, forskarar og andre fagpersonar. Dette var lenge før eg var på fornamn med NRK-profilar og slo av ein prat med politikarar ved kaffimaskina.

Som 19-åring hadde eg praksis i FN-sambandet intervjua eg Tora Åsland i samband med FNs kvinnedag 8. mars. 2011 var året FN-organet UN Women starta opp under leiinga av Michelle Bachelet, og året der eg fann mitt indre engasjement for menneskerettar og verdspolitikk. 

Eit evig aktuelt tema er kor farleg det er å vere hjelpearbeidarar i krigssoner. I 2011 kom det ein ny rapport som viste at drapet på hjelpearbeidarar hadde tredobla seg på ti år. Eg reiste på pressekonferanse og snakka med FNs naudhjelpskoordinator Valerie Amos og avtroppande NUPI-direktør Jan Egeland, som resulterte i denne nyheitssaka på FN.no. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s