Mine tekstar
I dag jobbar eg meir med å hjelpe andre å skrive godt som innhaldsrådgjevar i Netlife Design, og mindre med å skrive sjølv. Tekstar eg likevel lirar ut av meg frå tid til annan kan lesast på fagbloggen Medium.
Som tekstforfattar i Gambit (2015-2017) har eg skrive og fått publisert ein del tekstar her og der på vegne av kundane mine, både artiklar, reportasjer, kronikkar og portrettintervju, blant anna. Eg kan sjå langt etter ein saftig byline, men gjer ingenting – for eg er så heldig at eg får leve av å skrive – og det er draumen.
Draumen har blitt levd andre stader før, og ikkje alt er like enkelt å få tak i. Men eg har googla litt – og her er eit lite utval av mine tidlegare tekstar. Ikkje nødvendigvis representativt for alt eg har gjort, men ein stad må ein vel starte.
Kommunikatør på Oslo Lufthavn 2014-2015
I kommunikasjonsavdelinga på Oslo Lufthavn fekk eg skrive artiklar til intranett og nettsider og tekstar til sosiale medium, ofte for å promotere konsept eg sjølv var så heldig å få vere med å utvikle, til dømes barnekonseptet Felix & Fiona.
- For Felix&Fiona-konseptet vann vi pris – hurra!
- Vi lanserte også eit ammehjørne – det måtte vi skryte av.
- Eg intervjua dei flotte folka som blei kåra i Kvardagshelt-kampanjen
- Her også
- Vi opppmoda folk til å ikkje ta med seg ulovlege suvenirar heim frå ferie
Journalist i NRK 2011 – 2014
Som journalist i nyheitsavdelinga var eg så heldig å få møte mange spennande menneske som har interessante historiar å fortelje. Eg lærte mykje både om samfunnet og meg sjølv. Eg blei kjent med og lærte av dyktige og erfarne kollegaer. Eg jobba mykje både på radio og nett, med kultur, politikk og løpande nyheitssaker. Her er nokre få av artiklane mine eg har funne att i ettertid:
- Eg køyrde traktor for første gong – direkte på radio
- Fekk lage reportasje om ein av yndlingsbloggane mine, «Norske hemmeligheter».
- Skreiv sak om gjengen som Fekk livet snudd med veneklubb
- Lagde sak om tyfon på Fillippinane: Slik kan du hjelpe
- Politikk-sladder: Her er statsrådlekkasjane 2013
- Samarbeida med korrepsondent Lars Sigurd Sunnanaa om artikkelen Sudan feirar at Sør trekk seg ut.
- Eg sat på desken og fulgte 22.juli-rettssaka
- Sat også på desken og fulgte Stjernekamp
- Jepp, eg har også vore backstage på Melodi Grand Prix!
- Var backstage på Lindmo for å intervjue Mats og Erling i Empo TV
- Eg klarte verdas mest tabloide tittel på forskningsartikkel: Blekksprut-sexvideo på djupt vatn
Informasjonsrådgjevar i FN-sambandet 2011
Før eg starta i NRK var tida mi som praktikant i FN-sambandet mine første erfaringar med å intervjue statsrådar, forskarar og andre fagpersonar. Dette var lenge før eg var på fornamn med NRK-profilar og slo av ein prat med politikarar ved kaffimaskina.
- 8. mars 2011: Kampen er ikkje vunnen 08.03.2011
Som 19-åring hadde eg praksis i FN-sambandet intervjua eg Tora Åsland i samband med FNs kvinnedag 8. mars. 2011 var året FN-organet UN Women starta opp under leiinga av Michelle Bachelet, og året der eg fann mitt indre engasjement for menneskerettar og verdspolitikk.
- Farlegare å vere hjelpearbeidar 16.08.2011
Eit evig aktuelt tema er kor farleg det er å vere hjelpearbeidarar i krigssoner. I 2011 kom det ein ny rapport som viste at drapet på hjelpearbeidarar hadde tredobla seg på ti år. Eg reiste på pressekonferanse og snakka med FNs naudhjelpskoordinator Valerie Amos og avtroppande NUPI-direktør Jan Egeland, som resulterte i denne nyheitssaka på FN.no.