Bli kjent med Rikke Erichsen: Kvardagshelten på Oslo lufthavn som likar å ha det gøy på jobb – og som vil bli sjef.
Reportasjen blei først publisert internt, deretter på Oslo lufthavns nyheitsrom på Mynewsdesk. Les også reportasjen frå då eg blei med kvardagshelten Anders på køyretur på rullebana, anten på Mynewsdesk eller her på min eigen blogg.
Eit møte med ein kvardagshelt
– Eg likar eigentleg ikkje å bli tatt bilete av, seier heile Oslo Lufthavns forsidepike Rikke Erichsen. Likevel er ho arbeidsplassens ansikt utad i Oslo lufthavns Hverdagshelt-kampanje.
Rikke er ein smilande, serviceinnstilt og dyktig medarbeidar på Oslo lufthavn. På grunn av hennar vinnande vesen og store engasjement for jobben, har ho blitt trukke fram som ein kvardagshelt både på store plakatar og i aviser den siste tida.
Den audmjuke kvardagshelten
Sjølv er Rikke som heltar flest – audmjuk og ivrig etter å dra alle andre rundt henne fram i lyset.
– Det er ei stor ære å få lov til dette. Eg hadde aldri blitt plukka ut hadde det ikkje vore for at eg har eit supert team rundt meg, og leiarar som ser meg og motiverer meg, seier ho.
– Eg likar eigentleg ikkje å bli tatt bilete av, men fotografen som tok plakatbiletet av meg er dyktig så det blei ganske bra, ler ho.
Framtidig sjef
Rikke Erichsen jobbar i TRN (Travel Retail Norway) og og er vanlegvis å finne blant vesker og solbriller i Duty Free-butikken i utlandsterminalen. Men i år er ho plukka ut til å vere med i leiarprogrammet Future Leaders.
I løpet av tre månader blir ho utplassert i fleire område i Heinemann-systemet, og skal fungere som leiar for dei forskjellige områda.
– Det er ein draum for meg å jobbe med marknad og innkjøp etterkvart, så dette programmet er ei stor moglegheit for meg. Det er veldig inspirerande å vite at mange leiarar har starta der eg er no, som medarbeidar i butikk. Det er ein del av motivasjonen for meg og kolleagene mine å vite at det er mange muligheiter for oss, fortel ho med stor iver.
– Viktig å ha det gøy på jobb
Når ein spør kolleagene hennar om korleis Rikke er å ha med å gjere, så haglar komplimenta villt.
– Rikke er så dyktig, snill, hjelpsom, imøtekomande, serviceinnstilt, kunnskapsrik, blid og morsom, seier kollega Hanna Tovås om ei rødmande Rikke ved hennar side. Så tek dei på seg kvar sine solbriller og poserer for kamera.
– Det hendar vi går rundt i skibriller på jobb og leikar oss litt mellom hyllene. Det skapar god stemning, ler jentene.
– Vi har det kjempegøy på jobb ilag, og det merkar kundane våre også. God stemning er viktig på ein arbeidsplass, er kollegaene Rikke og Hanna einige om.
Droppa medisinstudiet for Oslo Lufthavn
Rikke har studerte Sales Management i New York og har lang erfaring med butikkarbeid og butikkleiing. Men vegen til Oslo lufthavn gjekk via noko heilt anna, nemleg medisinstudiet.
– Eg begynte på medisinstudiet men fann raskt ut at det ikkje var noko for meg, seier Rikke som byrja i TRN seinasommaren i fjor. Ho er sikker på at ho gjorde det rette valet, og at sal og marknadsføring er meir hennar gate enn legeyrket. No er ho glad for å få vere ein del av ein kampanje som ho trur har mange positive effektar.
– Ein motiverande kampanje
– Eg trur Hverdagshelt-kampanjen kan bidra til at passasjerane får eit nærare forhold til flyplassen når dei ser at det er ekte menneske og ikkje modellar på plakatane, seier Rikke. Ho trur også at kampanjen er motiverande for dei tilsette.
– Å jobbe på flyplass er krevjande. Ein må yte sitt beste heile tida og vere imøtekomande. Det er derfor motiverande at det blir gjort stas på oss, seier Rikke, og slår eit slag for dei yrkesgruppene på flyplassen som er mindre synlege for publikum.
– Ikkje minst syns eg det er viktig at Anders plasstenesta blir gjort stas på, seier ho og viser til Anders Erlandsen som også er profilert som kvardagshelt i kampanjen.
– Eg møter kundar kvar dag og dei veit kva eg jobbar med, men han er det ingen som ser til dagleg. Derfor er denne kampanjen flott, seier Rikke.