Magasinet Fett sin tiårsbursdag blei feira med ein innhaldsrik og lærerik konferansedag. Bursdagsgjestane var politikarar, forfattarar, kritikarar, ein statsråd, internasjonale gjestar og lokale heltar. Det heile blei runda av med ein heftig feminist-fest. Her er bileta.
Blant bursdagsgjestane på jubileumskonferansen var feminist og forfattar Marta Breen, journalist Mimir Kristjansson, Dagbladet-kommentator Marie Simonsen, barne- likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla, AP-politikar og stortingsrepresentant Jette Christensen, Genusfotografen og andre internasjonale gjestar frå Danmark, USA, Sverige og Brasil.
Fleire bilete frå konferansen finn du i dette Flickr-albumet.
Debattantar, gjestar, arrangørar, publikummarar, skribentar, forfattarar og politikarar tok feiringa vidare på Kunstnernes Hus etter jubileumskonkurransen. Der kom også det dødskule jentebandet Razika og den eksentriske popartisten Nils Bech, DJar og andre feministvenner for å feste og feire ut i natta.
(Nesten) alle bileta av dei glade, festande feministane på Fett-feiring finn du her.