For ei tid! Det skjer så mykje spennande, og i tillegg er eg på Zanzibar. Som er digg. Greia er eg treng di hjelp. Du kan nemleg hjelpe ein solbrent skrott med å vinne ein gjev pris!
Med ein norsk, vinterbleik og dermed uunngåeleg solbrent skrott godt planta under den deilige (men farlege) afrikanske sola, på trygg avstand frå den norske vinteren for ei lita periode, fekk eg eit livsteikn frå gamlelandet som gjorde meg både kry og glad. Framtida.no kårar verdas beste nynorske blogg – og eg er finalist! <
Minnekortet på kameraet tel over 1000 bilete av ville dyr og kul natur etter over ei veke på safari i Tanzania, og dette har eg tenkt å bruke bloggen til å vise fram den komande tida. Vi har sett mykje flott og fantastisk, og eg har for alvor fått øvd med litt i fototeknikk!
Livet smilar på mange måtar for tida, så det er all grunn til å følgje med framover. Eg har mykje spennande å fortelje, men: Akkurat no tek eg livet med ro på deilige Zanzibar. Dette innlegget skriv eg frå ein beach bungalow på den krittkvite Nungwi-stranda ved eit azurblått hav, godt solbrent på skuldrar og lår, stolt over å vere nynorskbloggfinalist, og med eit audmjukt ønske: røyst på meg!
Hakuna matata!
Da har eg stemt ;)
Takk! :D Det varmar!